Om oss

Tungesvik Hytto – hytter som er tiltenkt dei som ynskjer gode dagar.

Det er gode dagar me gjer alt me kan for at våre kundar skal oppleva. Både under det første møtet, teikningsprosessen, råd & tips og til slutt overleveringa av den hytto «du» har kjøpt. Me har erfaring frå ide, teikning, prosjektering, produksjon og oppsetjing av hytter sidan 1974. Dette gjer oss til det naturlege valet for deg som vil realisere hyttedraumen – anten det er på fjellet eller ved sjøen. Det meiner nå me:)

Kva er det unike med Tungesvik Hytto?
Du som kunde avgjer det. Hytto blir slik du vil.

Det som kjenneteiknar hytto er bl.a. dette:

  • praktiske løysingar
  • rett prisa (mange kvadratmeter for kronene)
  • tilpassa og utprøvd kvalitet i materialvalget
  • teikna og produsert, til glede for mange 1000 – frå 1974
  • skreddarsydd etter dine ynskjer

Dette kjenneteiknar oss som leverandør av Tungesvik Hytto:

  • lang erfaring om kva som kjennerteiknar ei hytte som gir «gode dagar»
  • teiknar etter dine ynskjer, ispedd våre erfaringar og tips
  • alle godkjenning og papirarbeid blir korrekt
  • dyktige fagfolk som kan byggja hytter
  • garanti for at alt er som det skal
  • me gir deg gode dagar – frå me startar prosessen til hytto er i bruk

Tungesvik Hytto har kontor, lager og produksjon på Leknestangen Industriområde i Skånevik i Etne kommune, heilt sør i Hordaland.

Ynskjer du gode dagar? Då skal du investera i Tungesvik Hytto.

Me ser fram til å møta deg for ein god hytteprat.