Hytter ved sjø eller snø?
At folk har forskjellige interesser er noko alle veit. Enkelte kan ikkje tenkja seg noko anna enn ei hytta ved sjøen, medan andre gladeleg tek både ei og to kolonnekøyringar for å vera sikre på å kunna oppleva snøen. Me kan tilby hytter til både sjø og snø. Tiltrekkande tomter ved skitrekk eller kort veg til strand og båt. Du kan byggja heilt etter eigne idear, eller kjøpe ei av våre ferdige hytter.
Etter fleire 10-år med samtalar med våre kundar og andre, veit me mykje om kva som skal til for at du og dine skal få gode dagar. Ved sjø eller snø? Det er opp til deg!